Ja til tariffopprør i 2024

Årsmøtet i Raudt Hordaland ynskjer LO og resten av fagrørsla lukke til med kampen for auka kjøpekraft i årets lønnsoppgjør

Årsmøtet i Raudt Hordaland ynskjer LO og andre deler av fagrørsla lukke til med kampen for auka kjøpekraft ved årets tariffoppgjør! Dei siste åra har kampen mellom arbeid og kapital utvikla seg i feil lei. Både renteauken, høge straum- og drivstoffprisar, matvareprisar og bustadprisar har ført til reallønnedgang og fattigdom for mange – og auka klasseskilnader og fleire milliardærar. Denne utviklinga har forsterka seg etter stortingsvalet i 2021. Forventningane om at no var det vanlege folk sin tur er i ferd med å bli erstatta av ein nedtur og tap for fagrørsla og venstresida.

Tariffoppgjøret 2024 må bli eit vendepunkt gjennom solidarisk organisering og kampvilje.

I tillegg vil Raudt på Stortinget og i andre samanhengar halde fram kampen for å få ned renta, kraftprisane, matvareprisane og bustadprisane og for ein sosialpolitikk som bekjempar fattigdom og ulikskap.